Eg har fått leige eit lokale i Aabergbygget på storsenteret i Sogndal. Frå og med fredag 16.oktober kjem eg til å tilby portrettfotografering nokre dagar i veka fram mot nyttår, seier Oskar Andersen i ei pressemelding.
Andersen som bur i Solvorn i Sogn, har i mange år jobba som fotograf. Han har for det meste jobba med reklamefotografering og hatt oppdrag for ein rekkje reklamebyrå, industri- og offentlege verksemder både i Sogn og Fjordane og i Hordaland/Bergen. Ein rekkje bøker har det også blitt m.a. Fjordamat og Ta kaka på Selja Forlag.
Han har og drive med fotografering av brudepar og portrett.
Då lokalet på storsenteret var ledig, fekk eg ideén om å starte opp eige portrett- studio. For tida har eg kapasitet til det, og eg meiner det er plass til fleire fotografer som jobbar med portrett her i Sogn, seier Andersen, som opphaveleg er frå Bergen.
Link til heimeside :
www.oskar-andersen.no

Charlotte, Martin og hunden Presley
Oskar Andersen©
Fotogaf Oskar Andersen i sitt nye studio.
Oskar Andersen©
Brudespranget.
Oskar Andersen©
Familien-portrett.
Oskar Andersen©
Far og sønn.
Oskar Andersen©